Personvern
Slik behandlar vi personopplysningar på geoterm.energy. Kort sagt: vi tel besøk utan informasjonskapslar, vi sel ikkje data og vi brukar dei ikkje til reklame.
Behandlingsansvarleg
Geoterm AS, org.nr. 938 067 228Bjørkemoen 46, 5709 Voss
E-post: post@geoterm.energy
Besøksstatistikk
Vi tel besøk for å sjå kva som blir lese, og korleis folk finn fram til oss. Til det brukar vi Matomo, eit statistikkverktøy med open kjeldekode, på vår eigen tenarplass hos Webhuset. Opplysningane blir ikkje delte med andre og ikkje brukte til reklame.
- Vi brukar ikkje informasjonskapslar (cookies) eller anna lagring i nettlesaren din.
- Vi registrerer kva for sider og bolkar som blir opna, kva side du kom frå (til dømes ei søkjemotor), omtrentleg stad (land, region og by), språk, eining, nettlesar og skjermstorleik, og klikk på kontaktlenkjer, fordelsboksane og visingane i prisgrafen.
- IP-adressa di blir brukt ein augneblink til å finne omtrentleg stad. Deretter blir ho forkorta (dei to siste ledda blir fjerna) før ho blir lagra. Den fulle IP-adressa blir aldri lagra.
- For å sjå at fleire sidevisingar høyrer til same besøk, lagar Matomo ein kode ut frå mellom anna nettlesaren og IP-adressa. Koden blir bytt ut kvar dag, så du kan ikkje kjennast att frå eitt døgn til det neste.
- Opplysningane om kvart enkelt besøk blir sletta etter 13 månader. Etter det har vi berre samla tal, som ikkje gjeld enkeltpersonar.
- Grunnlaget er vår berettiga interesse i å forstå korleis sida blir brukt, og i å gjere ho betre (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
Når du kontaktar oss
Kontaktskjemaet på sida opnar e-postprogrammet ditt med førespurnaden ferdig utfylt. Sida sender ingenting sjølv, og ingen teneste mellom deg og oss ser kva du skriv.
Sender du oss e-post, brukar vi opplysningane du gjev (namn, e-post, adresse og det du skriv) til å svare deg og følgje opp førespurnaden. Grunnlaget er at du har bede om svar, eller at vi skal inngå ein avtale med deg (artikkel 6 nr. 1 bokstav b og f). Vi slettar opplysningane når dei ikkje lenger trengst, med mindre lova krev at vi tek vare på dei, til dømes bokføringslova.
Drift av sida
Sida ligg hos Webhuset AS, som er databehandlaren vår. Som alle nettstader loggar tenaren kvar førespurnad (IP-adresse, tidspunkt, kva fil som blir henta og nettlesar) for drift og tryggleik. Desse loggane blir sletta etter ei avgrensa tid.
Innhald frå andre
- Straumprisar: prisgrafen viser spotprisar frå Hva koster strømmen.no. Det er tenaren vår som hentar prisane, så nettlesaren din har ikkje kontakt med dei.
- Skrifter, bilete, filmar og 3D-modellen ligg på vår eigen tenarplass. Sida hentar ikkje innhald frå Google, sosiale medium eller andre tredjepartar.
- Følgjer du ei lenkje til ein annan nettstad, gjeld personvernreglane der.
Rettane dine
Du kan be om innsyn i, retting av eller sletting av opplysningar om deg, be om at behandlinga blir avgrensa, og protestere mot behandling som byggjer på berettiga interesse. Skriv til post@geoterm.energy. Sidan statistikken ikkje kan knytast til enkeltpersonar, kan vi som regel ikkje finne fram til besøka dine der.
Meiner du at vi behandlar opplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
Sist endra 24. november 2026.